Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) arbeidar med å auke kvaliteten på kommunale og statlege nettstader. Ein sentral del av dette arbeidet er den årlege kvalitetsvurderinga av nær 700 statlege og kommunale nettstader.
Kriteriesettet som ligg til grunn for vurderinga 2010 er no klart og inneheld totalt 33 kriterium på områda tilgjengelegheit, brukartilpassing og nyttig innhald. Det er i år gjort justeringar i fleire kriterium (sjå endringsloggen for detaljert oversikt), men det er ikkje lagt til nye kriterium. Del 3, nyttig innhald, har fått auka vekt gjennom ei auke i poeng. Kriteriesettet låg i perioden april-mai ute på høyring der ein hadde moglegheit til å komme med innspel på dei aktuelle kriteria.
Viktige tema i år har vore sosiale media, opne data og personvern. Dette har fått sitt utslag i høvesvis kriterium 3.1, 3.7 og 3.9. Inntil klarare retningslinjer og meir erfaring ligg til grunn om bruk av sosiale media har vi valt å la dette temaet vere eitt av fleire alternativ under overskifta «dialog» (sjå dessutan Difi sin blogg om sosiale medium i forvaltninga, http://www.difi.no/emne/sosiale-medier).
Opne data er i vinden i år, og vi ynskjer å oppfordre til frigjeving av data. Inntil klarare standardar er utarbeidd på området vel vi å vere fleksible i forhold til format og tilrettelegging for vidare bruk. Frigjeving av data er foreløpig lagt under overskrifta «Nyttig bruk av webteknologi» (kriterium 3.7) (sjå dessutan Fornyings-, administrasjons- og kirkedepartementet sin blogg om vidarebruk av offentlege data: http://data.norge.no/).
Krava til personvern er skjerpa i kriterium 3.9. Det er sjølvsagt at «Lov om behandling av personopplysningar» skal etterlevast. Derfor gjev vi også meir poeng for dette i år.
Planlagt oppstart for årets kvalitetsvurdering er i slutten av august.
- Kriteriesett del 1 – Tilgjengelegheit
- Kriteriesett del 2 – Brukartilpassing
- Kriteriesett del 3 – Nyttig innhald
- Endringslogg, 2009 til 2010
Publisert 12.juli 2010
Siste kommentarer