Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi)

NB: Årets høyringsrunde er no ferdig, og endeleg kriteriesett er på plass.

Endringar frå 2010 (2.1): Poenggjevinga for størrelse er redusert med 1 poeng. Indikatoren lønar  no nettstader som er tilpassa mobile einingar og scorer meir enn 40% i W3C sin Mobile OK checker med 1 poeng (sjå fullstendig endringslogg).

Gå tilbake til høyringsoversikten.

Breiband har framleis ikkje full dekning i Noreg, og det er difor viktig å fokusere på storleik slik at ikkje nettstaden tek lang tid å laste. I tillegg er surfing via mobile einingar i kraftig auke der tunge nettstader gjer det både tidkrevjande og kostbart å surfe (sjå til dømes statistikk frå medienorge: http://www.medienorge.uib.no/) Ein bør difor vere observant på filstørrelsar på mellom anna bilete, HTML og CSS, slik at nettstaden ikkje blir større enn naudsynt.

Indikatoren løner også nettstader som er tilpassa mobile einingar, enten ved at originalversjonen fungerer tilfredsstillande på mobil, eller ved hjelp av medietilpassa stilark (CSS) eller ein eigen mobilversjon. Dette blir målt ved hjelp av W3C sin mobilvalidator «W3C mobileOK Checker»  (http://validator.w3.org/mobile/). Denne validatoren bygger på W3C sine retningslinjer «Mobile Web Best Practices 1.0»  (http://www.w3.org/TR/mobile-bp/). Nettstader som scorer meir enn 40%  i testen får 1 poeng.

Indikatoren gjev maksimalt 3 poeng.

Alternativ
Alternativ, vel eitt eller fleire Poeng
(maks 3)
<250kB – Storleiken på startsida er under 250kB. 2
250-350kB – Storleiken på startsida er mellom 250 og 350kB. 1
>350kB – Storleiken på startsida er over 350kB. 0
Tilpassa mobil – Nettstaden er tilpassa mobile einingar. 1

Testmetode

Testmetode del 1, måling av størrelse

Firefox – Test hovudside på nettstaden med YSlow (trykk på «YSlow» nede på statuslinja i nettlesaren og vent medan YSlow startar opp). Vel «Stats» øvst i YSlow-vinduet (vent medan YSlow måler storleiken på sida).

Kontroller storleiken på sida (Total Size) i kolonna «Empty Cache» til venstre og gje poeng ut frå grenseverdiane i alternativa (sjå verktylista).

Testmetode del 2, tilpassa mobil

Opera Mini Simulator, gå inn på http://www.opera.com/mobile/demo/ og tast inn adressa til nettstaden. Kontroller om nettstaden har eigen mobilversjon.

Dersom nettstaden har eigen mobilversjon, bruk mobiladressa i W3C sin mobileOK Checker (http://validator.w3.org/mobile/).

Dersom nettstaden ikkje har eigen mobilversjon, bruk den vanlige nettadressa.

 

 

7 kommentarer til 2.1 – Nettstaden er lett å laste

  1. Jeg støtter krav til mobiletilpassede nettsider. Dette er et felt det er viktig å følge med på og skjerpe seg på.

  2. For eit tilfeldig utval ikkje spesielt mobiltilpassa nettstader fekk eg langt over 40% på denne testen. Kanskje litt for enkelt?

  3. Per August Krämer

    “Mobiltilpasset nettsted” er for vagt og sier ingen ting om utforming og innhold på på et mobilt nettstedet.

    I teorien kan man få et poeng ekstra ved å lage en 5-siders mobiltilpasset utgave av et 35.000 siders nettsted.

    Det er i tillegg veldig kostbart å utvikle jevngode mobilløsninger på store eksisterende nettsteder, så difi kan ikke ta lett på dette.

    Forslag er å fjerne eller utvide til også å vurdere om mobilversjonen tilbyr den samme type informasjon eller ei.

  4. @Per August; At man får ett ekstra poeng ved å ikke lage en komplett mobilversjon synes jeg er helt greit.

    Det er ikke alle kommunens tjenester man som innbygger vil bruke mobilen til likevel. Jeg ville ikke søkt barnehageplass, fri fra skole, båtplass++ fra mobil. Til det har mobilen for liten skjerm og for dårlig tastaturløsning.

  5. Etter å ha utført stikkprøvar, legg me oss på 40% i år sidan indikatoren er ny. Til neste år vil me truleg auke prosentverdien.

    Difi legg per no ingen føringar i kriteriesettet for kva innhald kvar nettstad skal ha i sin mobilversjon, dersom dei har dette.

    Kvalitet på nett, Difi

  6. [...] av alle (mobile) enheter med nettleser. DIFI belønner også mobilvennlige versjoner i sin årlige kvalitetsundersøkelse. Men noen kommuner har altså gått litt lengre ved å tilby sine innbyggere rene apps, og det er [...]

  7. [...] mobilbesøk i denne størrelsesorden vurderer å tilpasse nettstedet til mobil eller har gjort det. Offentlige nettsteder får til og med stjerne i margen av Difi. Andre har så mye som 25% mobiltrafikk uten at nettstedet er tilpasset eller fungerer spesielt bra [...]

Legg inn en kommentar

Alle felter merket med stjerne (*) må fylles ut for å kommentere.