Årets offentlege nettstader 2009
I forbindelse med den årlege kvalitetsvurderinga kårar Difi også årets offentlege nettstader. Ein fagjury satt ned av Difi kårar årets kommunale nettsted, statlige nettsted og tilgjengelighetsprisen.
Tilgjengelegheitsprisen 2009
Dei nominerte til prisen var
Juryen si grunngjeving
Årets vinnar oppfyller alle krava i kriteriesettet på området tilgjengelegheit. Nettstaden gir i tillegg brukaren moglegheit til å tilpasse utforminga ved å endre farge, lenkemarkering og tekst. Løysinga har nokre manglar når det gjeld markering av brukarval og navigasjon med tastatur. Vinnaren har eit tydeleg fokus på tilgjengelegheit, har laga ei brukarvennleg løysing og er eit førebilete for andre offentlege nettstader.
Årets vinnar: Sørum kommune
Årets kommunale nettsted
Dei nominerte til prisen var
Juryen si grunngjeving
Årets vinnar har forbetra seg sidan i fjor og har auka frå 4 til 6 stjerner. Kommunen har ei framside med god balanse mellom nyhende, tenestetilbod og aktuelle saker, som til dømes svineinfluensa. Gjennom tenester som GataMi, inviterar nettstaden til brukarinvolvering med innbyggjarane og gir innsyn i saker som blir innmeldt. GataMi kunne ha vore betre integrert i nettstaden, og kommunen må gjerne vurdere å ta i bruk Los som Tenestestruktur. Juryen meinar at vinnaren har eit ryddig og svært tiltalande design som gjer at nettstaden framstår som attraktiv for brukarane.
Årets vinnar: Tromsø kommune
Årets statlege nettstad
Dei nominerte til prisen var
Juryen si grunngjeving
Vinnaren av prisen for årets statlege nettstad har dei siste åra vore blant dei beste i kvalitetsvurderinga. Nettstaden har ein gjennomgåande temastruktur og tilbyr mykje informasjon på begge målføre. Gjennom ei god løysing for høyringar bidreg nettstaden til ein meir open forvaltning ved å legge ut alle høyringsuttalingane. Vinnaren kan bli betre på tovegskommunikasjon og bør ta i bruk løysingar som inviterer til breiare dialog med innbyggjarane. Juryen tykkjer det er flott at ein held høg kvalitet over tid og vil spesielt framheve at nettstaden er blant dei få som legg ut store dokument i HTML-format.
Årets vinnar: Regjeringa.no
Jury
Årets jury bestod av
- Dagfinn Rømen (Deltasenteret)
- Aud Marie Hauge (Epinova)
- Svein Ølnes (Vestlandsforsking)
- Frank Fardal (Difi)
Fagjuryen har vurdert prisvinnarane etter følgjande kriterier
- Nettstedet skal være brukerorientert i uttrykk, innhold, struktur og navigasjon
- Nettstedet skal være nyskapende og utnytte mulighetene som webteknologien gir
- Nominerte til årets kommunale og statlige nettsted oppnår 4 stjerner eller mer i kvalitetsvurderingen

0 kommentarer til “Årets offentlege nettstader 2009”
Skriv en kommentar
Beklager, men du må være logget inn for å kommentere