Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi)

Om Kvalitet

Direktoratet for forvaltning og IKT (DIFI) arbeider med å auke kvaliteten på kommunale og statlege nettstader. Ein sentral del av dette arbeidet er den årlege kvalitetsvurderinga av omlag 700 statlege og kommunale nettstader. Basert på eit sett kriterium blir eit utval nettstader gradert i form av tal stjerner.

Forankring og virkeområde

Den årlege kvalitetsvurderinga omfattar nettbaserte tenester i offentlig sektor. Kriteria som ligg til grunn for vurderingane fokuserer på eigenskapar ved grensesnittet mot innbyggjarane (front-end). Grunnlaget for kriteriesettet og arbeidet med kvalitet på nett finst i sentrale styringsdokument, som Stortingsmelding 17 (2006-2007): ”Eit informasjonssamfunn for alle”, Stortingsmelding 19 (2008-2009) ”Ei forvaltning for demokrati og fellesskap”, samt regjeringa sin handlingsplan for universell utforming og auka tilgjengelegheit 2009-2013: ”Norge universelt utformet 2025”.

Formålet med vurderinga frå Difi er:

  • å setje fokus på innsatsområde innan forvaltninga med utgangspunkt i sentrale styringsdokument
  • å måle status for offentlege nettstader

Testmetode

Kriteriesettet blir revidert årleg basert på tilbakemeldingar frå året før, innspel gjennom høyring, generell utvikling på området, samt politiske føringar. I løpet av ein relativ kort tidsperiode, ca 2 månader, aukar vi kapasiteten til prosjektet med fleire ekspertar for å gå gjennom alle nettstadene. Dette betyr at kriteriesettet må vera mest mulig objektivt for å sikre ei nokså lik behandling av dei nettstadene vi testar. I tillegg ynskjer vi at vurderingane skal vera etterprøvbare, og dei mellombelse resultata blir derfor sendt ut til nettstadene slik at vi kan plukke opp eventuelle feil eller misforståingar. Vårt håp er at kriteriesettet skal vera ein felles plattform å diskutere nettkvalitet ut frå, og dermed danne grunnlag for ein felles forståing av kva som utgjer ein kvalitativ god nettstad.

Gitt omfanget av nettstader som testast, er det berre satt av 1 time og 15 minutt til kvar nettstad. Dette medfører at testane blir gjort basert på stikkprøver. I tillegg legg rammene rundt kriteriesettet visse føringar på kva for type testar vi kan gjere. Kriteriesettet er dermed ikkje uttømmande i forhold til kva som utgjer ein nettstad med god kvalitet. Vi gjer for eksempel ingen praktisk testing med verkelege brukarar, og vurderer heller ikkje eit viktig område som design.

Kriteriesettet er i stadig utvikling, og vi sett pris på alle innspel til forbetringar. Legg gjerne igjen ein kommentar under, eller send oss ein epost: kvalitet@difi.no.

Jury

I samband med den årlege kvalitetsvurderinga kårar Difi også årets offentlege nettstader. Ein fagjury sett ned av Difi kårar årets kommunale nettstad, statlege nettstad og vinnar av tilgjengelegheitsprisen.

Målet med kåringane er å løfte fram nettstader som bidreg til eit meir tilgjengeleg og brukarretta offentleg informasjons- og tenestetilbod utover det som blir målt gjennom kvalitetskriteria. Gjennom kåringa ynskjer Difi også å fange opp nyskapande initiativ som kan utfordre andre offentlege nettstader i eigen nettstadsutvikling.

Kriterium for prisane

Fagjuryen har vurdert prisvinnarane etter følgjande kriterium:

  1. Nettstaden skal vera brukarorientert i uttrykk, innhald, struktur og navigasjon i form av:
    • tydeleg og godt design
    • klart språk og innhald i fleire språkversjonar
    • tilgjengeleg og tilrettelagt informasjon
    • tilgjengelege og tilrettelagte tenester
    • gjennomgåande og heilskapleg struktur
    • gjennomgåande og fleire moglegheiter for navigasjon
    • tilby nettstaden som lokalpolitisk arena (gjeld kommunale nettstader)
  2. Nettstaden skal vera nyskapande og utnytte moglegheitene som webteknologien gir
  3. Nominerte til årets kommunale og statlege nettstad oppnår 4 stjerner eller meir i kvalitetsvurderinga.

Historikk

Første versjon av kvalitetskriteria blei utvikla i 2001. I løpet av første halvår 2001 blei 529 offentlige nettstader evaluert. Tilbakemeldingane viste at kvalitetskriteria hadde fungert retningsgivande for mange offentlege verksemder. I en undersøking svarte 52% av verksemdene at dei hadde gjort endringar på nettstaden på bakgrunn av kvalitetsvurderingane.

Basert på erfaringar frå den første runden med kvalitetsmerking, blei kvalitetskriteria revidert. Den andre versjonen av kvalitetskriteria blei deretter brukt til å evaluere over 600 offentlige nettstader i 2003.

Dei to første åra var Statskonsult ansvarlig for kvalitetsvurderingane. Frå 2004 har Norge.no hatt det faglige ansvaret. Våren 2004 ble brukt til å revidere krava i samarbeid med kommunane og dei statlege etatane, representert ved Kommunal Rapport og skatteetaten. I tillegg var Deltasenteret, som er statens kompetansesenter for deltaking og tilgjengelegheit, med i arbeidet for å sikre fokus på tilgjengelegheit for alle. Vestlandsforsking, som har vore involvert i dei tidligare fasane, var med som ekstern kvalitetssikrar av arbeidet.

8 kommentarer til Om Kvalitet

  1. Hei

    Jeg lurer på om kravene dere har i deres liste dekker alle Level AA-kravene som offentlige nettsider skal dekke? Dere har ikke WCAG-referanse til alle kravene og noen av WCAG-kravene dere peker til peker også til versjon 1. Da blir jeg usikker.

  2. @Anita Jenbergsen: Del 1, tilgjengelegheit, i kriteriesettet dekkar nok ikkje heile WCAG 2.0 nivå AA. Kriteriesettet har tidlegare bygd delar av WCAG 1.0, og vart oppdatert mot 2.0 der dette var direkte mogleg når denne versjonen kom. Me har dessverre ikkje moglegheit til å dekke heile nivå AA gjennom kriteria, men har eit utval av indikatorar me har sett som viktige. Når den nye forskrifta for universell utforming kjem på plass (som truleg vil vere ein versjon av nivå AA), vil me på nytt ta ein revisjon av kriteria i del 1 for å sjå om me framleis har det optimale utvalet.

    Om du ser på http://wcag.difi.no finn du den norske oversetjinga av WCAG 2.0.

    Kvalitet på nett, Difi

  3. Takk Anders, for raskt svar, og lenke til norsk oversetting. Jeg lurer på en ting til.

    Jeg har lest denne setningen et sted uten at jeg finner igjen til nettstedet hvor det stod: “Både i EU og i Norge arbeides det for at alle offentlige nettsteder som et minimum skal oppfylde kravene i WCAG på nivå 2.”

    Ut i fra dette og hva du skriver ovenfor så kan vi anta at den nye forskriften som kommer 1.juli 2011 vil si at alle offentlige nettsteder må følge kravene på nivå AA?

  4. Dersom forslaget om WCAG 2.0 nivå AA blir valgt, vil dette gjelde for blant anna offentlege nettstader, ja. Eg vil derimot understreke at den endelege utforminga av forskrifta ikkje vil vere klar før høyringsprosessen er gjennomført og forskrifta formelt er vedteken.

    Difi har også oppretta ein wiki i forbindelse med arbeid med forskrifta, sjå http://universellutforming.difi.no/Hovudside

    Kvalitet på nett, Difi

  5. Hei
    Jeg lurer på hvorfor nettsiden til Nasjonalt kunnskapssenteret ikke er tatt med i vurderingene?
    Det er lite informasjon om hvilke kriterier for utvelgelse av nettstedene som er lagt til grunn, men vi er også en statlig institusjon som gjerne kunne vært med, slik jeg ser det.

  6. 1) Antall stjerner blir tildelt på bakgrunn av antall poeng på de ulike måleområder.
    Jeg antar at kvalitet.Difi.no må foreta en subjektiv vurdering når en del av kriteriene krever at innhold (på websidene) må leses/tolkes. I tillegg er det faktisk mulig å få max antall poeng når kriteriet ikke ansees å være relevant.
    Har Difi.no noen betraktninger rundt dette når “ikke-relevant”-vurderingen faktisk kan bety pluss/minus en til to stk stjerner? Jeg ser at enkelte nettsteder har over 15 poeng vha. denne teknikken. Og det samme nettestedet kan være dømt ulikt fra år til år på samme kriterie, – uten at innholdet er endret.
    Har kvalitet.Difi.no laget en konkurranse der det er umulig å få max uttelling for enkelte nettsteder?

    2) Jeg ser også at en del nettsteder som deler publiseringssystem (dvs. systemet er installert på samme server og maler/CSS osv. er de samme), får ulik bedømming. Og da kan jeg, som webmaster og med god kjennskap til bakenforliggende kildekode, bekrefte at kvalitet.Difi.no faktisk dømmer feilaktig. Dette har også skjedd tidligere år. Merk at det ikke synes å hjelpe at vi melder fra om dette til kvalitet.Difi.no.
    Hva gjør kvalitet.Difi.no for unngå at dette skal skje neste år?

    3) Jeg har også _mange_ eksempler på at sjekk av f.eks. datatabeller slår uheldig ut. Vår Jobb-side med utlisting fra Webcruiter har en tabell som ikke er godkjent. Ett av årets beste nettsteder har også Jobb-utlisting fra Webcruiter. Men denne ble, “uheldigvis” for oss, ikke sjekket. En annen (korrekt) tabell på en annen side ble sjekket.
    Hva gjør kvalitet.Difi.no for unngå at dette skal skje neste år?

    Noen nettsteder kan tape/vinne på dette, – og kanskje gjevner det seg ut. Men, når det handler om kvalitet burde vurderingen vært av høyere kvalitet. Mener nå jeg, da.

  7. Hei!

    30% av den norske befolkning har lesevanskeligheter.
    En av kriteriene for å pris av difi i tilgjengelighet er:
    “klart språk og innhald i fleire språkversjonar”.

    Hvor kan jeg finne denne side (http://kvalitet.difi.no/kriteriesett/hoyring2011/) på bokmål? Jeg har prolem å les nynorsk.

    Tak på fårhand!
    Erik

Legg inn en kommentar

Alle felter merket med stjerne (*) må fylles ut for å kommentere.