Oppsummering av Kvalitetskonferansen 2009

I etterkant av Kvalitetskonferansen på Oslo Plaza 03.desember 2009, vart det sendt ut eit spørjeskjema til alle deltakarane. Takk til alle som tok seg tid til å svara. Det som kom fram i undersøkinga ynskjer vi å ta med oss vidare i planlegginga av Kvalitet 2010. Vi mottok ein heil del positive tilbakemeldingar, noko vi tykkjer er flott. I tillegg fekk vi også inn ein del tips om korleis vi kan bli betre.

Samkøyring av innhald

I år forsøkte vi å få til ein fagdag før konferansen. Vi er veldig glad for at Dataforeningen ville ta del i det faglege innhaldet. Det kom inn ein heil del positive tilbakemeldingar på desse to arrangementa, men vi ser at delar av innhaldet må koordinerast betre. Dette tek vi i betraktning no når vi planlegg neste års konferanse. Det er viktig at deltakarane klarar å skilje det faglege innhaldet desse to dagane og at arrangementa kan følgjast uavhengig av kvarandre.

Praktiske eksempel og erfaringsutveksling

Ein del av dykk var interesserte i at det blir brukt tid på konkrete eksempel på gode løysingar og diskusjon rundt dette. Eit eksempel på dette kunne ha vore at ein av prisvinnarane heldt eit innlegg om ”Dette gjore vi for å bli best”, der fokuset var å legge fram kva tiltak nettstaden har gjennomført for å bli ein av dei beste med tanke på budsjett, kompetanse, tid osv.

Kvalitet 2010

Vi mottok også kommentarar rundt det faglege innhaldet på kvalitetskonferansen. Eit tips var å halde eit innlegg om kva vi kan vente oss i tida framover, der fokus var retta mot Web 2.0 og kva utfordringar dette vil ha for tilgjengelegheit på nett. Kva kan denne teknologien gjere for oss? Kva avgrensingar finst? Det var også interesse for å finna ut meir om kva Diskriminerings- og tilgjengelegheitslova har å seie for offentleg forvaltning. Kva retningslinjer vil ligge til grunne under dette lovverket? 

 

Vi er særs nøgde med at 80% av dei som tok del i spørjeundersøkinga brukar kriteriesettet som eit verktøy i utviklinga av nettstaden. Det kom også fram at mange av dykk formidlar innhaldet på konferansen vidare internt i organisasjonen og nyttar kunnskapen til å gjere nettstaden betre.

Kom gjerne med fleire innspel i kommentarfeltet under. Du kan også gi innspel via Twitter ved å merke tvitringa med #kvalitet2010.

0 kommentarer til “Oppsummering av Kvalitetskonferansen 2009”


  1. Ingen kommentarer

Skriv en kommentar

Beklager, men du må være logget inn for å kommentere