Årets offentlege nettstader 2011
I samband med den årlege kvalitetsvurderinga kårar Difi også årets offentlege nettstader. Ein fagjury sett ned av Difi kårar årets kommunale nettstad, årets statlege nettstad og vinnar av tilgjengelegheitsprisen.
Løfte fram gode eksempel
Målet med kåringane er å løfte fram nettstader som bidreg til eit meir tilgjengeleg og brukarretta offentleg informasjons- og tenestetilbod utover det som blir målt gjennom kvalitetskriteria. Gjennom kåringa ynskjer Difi også å fange opp nyskapande initiativ som kan utfordre andre offentlege nettstader i eigen nettstadsutvikling.
Årets kommunale nettstad 2011
Nominerte til prisen:
Grunngjeving frå juryen
Årets kommunale nettstad utmerkjer seg ved ei radikal omlegging av framsida med tydelege inngangar til kommunen sine viktigaste tenester. Med denne omlegginga har kommunen gjort det enklare for innbyggaren å finne fram. Juryen meiner at nettstaden framleis kan bli betre på navigasjon og konvensjonar for menymarkering, og
håpar dette blir ein naturleg del av den vidare utviklingsprosessen. I tillegg bør kommunen arbeide meir med temasidene og gå igjennom språket, særleg når det gjeld teiknsetting og rettskriving. Kommunen har hatt mot til å tenkje nytt i si satsing på nett. Behova til brukarane er sette i sentrum, og mange kan finne inspirasjon her.
Årets kommunale nettstad er Porsgrunn kommune
Årets statlege nettstad 2011
Nominerte til prisen:
Grunngjeving frå juryen
Årets vinnar utmerkjer seg med mykje innhald som er godt tilrettelagt og strukturert på ein oversiktleg måte. Nettstaden har målgrupper med ulike behov, men greier å presentere og gjere komplekse tema tilgjengeleg på ein god måte for alle. Utsjånaden er ikkje siste skrik, men stil og tone er tillitsvekkjande og tilpassa sida sitt mål som ein informasjonsnettstad. Juryen meiner inngangane på framsida kan tilpassast betre til målgruppene, mellom anna kan dei to arbeidsområda profilerast enno tydelegare gjennom meny og prioritert innhald. Verksemda er også flink til å publisere statistikk og rapportar frå arbeidet sitt og gir i tillegg ut eige tidsskrift innan sitt fagfelt. Juryen peikar på at nettstaden publiserer det meste av innhaldet både på bokmål og nynorsk. På den måten er nettstaden ei inspirasjonskjelde for andre offentlege nettstader.
Årets statlege nettstad er Økokrim
Årets tilgjengelighetspris 2011
Grunngjeving frå juryen
Vinnaren av årets tilgjengelegheitspris strekkjer seg lenger enn andre for å nå brukarane sine. Dette blir mellom anna vist gjennom eit enkelt og tilrettelagt språk, prioriterte inngangar til dei viktigaste tema, og ein enkel og oversiktleg design. Det er likevel framleis rom for forbetring, særleg gjeld dette kontrasten på nettstaden og ei konsistent markering av lenkjer i vanleg tekst. Juryen vil særleg trekkje fram satsinga på teiknspråk som eit døme til etterfølging, i tillegg til bruken av video som pedagogisk verkemiddel.
Vinnaren av årets tilgjengelegheitspris er Statens Pensjonskasse
Kriterium for prisane
Kriteria for prisane tar utgangspunkt i kriteriesettet for kvalitetsvurderinga, men vurderer også element som ikkje så lett let seg måle objektivt.
Fagjuryen har vurdert prisvinnarane etter følgjande kriterium:
- Nettstaden skal vera brukarorientert i uttrykk, innhald, struktur og navigasjon i form av:
- tydeleg design
- klart språk og innhald i fleire språkversjonar
- tilgjengeleg og tilrettelagt informasjon
- tilgjengelege og tilrettelagte tenester
- gjennomgåande og heilskapleg struktur
- gjennomgåande og fleire moglegheiter for navigasjon
- tilby nettstaden som lokalpolitisk arena (gjeld kommunale nettstader)
- Nettstaden skal vera nyskapande og utnytte moglegheitene som webteknologien gir.
- Nominerte til årets kommunale og statlege nettstad oppnår 4 stjerner eller meir i kvalitetsvurderinga.
Årets jury
Årets jury bestod av:
- Helge Kaasin (NRK)
- Anna Nesje (NTB)
- James Bjerkholt (Making Waves)
- Frank Fardal (Difi)
- Hege Johanne Tafjord (Difi)
- Anders Nedland Røneid (Difi)

Innhald i fleire språkversjonar..?
Altså: hello og hei i hovesiden er mer enn nok? ;-)
Hva med litt mer? eg. http://www.morsmal.org websiden at Kristin Halvorsen er så opptatt med å kopiere disse gale dager?
Les mer om saken her:
http://blogg.aftenposten.no/vivekananthan/2010/11/14/nar-staten-stjeler/
Hei
Er det bare nettsteder som er nye det gjeldende året som vurderes, eller foretas det vurderinger hvert år.
mvh Ingunn Trones
Hei Ingunn
Alle nettstadane blir vurderte kvart år.