Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi)

1. Tilgjengelegheit

1.1 Nettstaden brukar alternativ bilettekst

Svaralternativ Nei - Under halvparten av bileta har tilfredsstillande alternativ tekst. (0 poeng)
Delvis - Over halvparten av bileta har tilfredsstillande alternativ tekst. (1 poeng)
Ja - Alle bileta har tilfredsstillande alternativ tekst. (3 poeng)

Difi sin kommentar:

Alle bileta har tilfredsstillande alternativ tekst.

Beskrivelse:

Alle bilete skal ha alternativ tekst slik at informasjonen som ligg i bileta blir tilgjengelege for blinde og svaksynte, samt også for dei som brukar program som ikkje støttar vising av bilete. Teksten skal vere likeverdig med innhaldet til biletet. Bilete som ikkje har noko med innhaldet å gjere, som til dømes rein grafikk, skal ha tom alternativ tekst (alt="").  Dersom ein droppar alternativ tekst heilt (altså fjernar heile alt=""), risikerer ein at ein lite beskrivande alternativ tekst blir generert automatisk av mediet, til dømes basert på filplasseringa eller filnamnet til biletet.

Referanse; WAI WCAG 2.0 – 1.1.1

Testmetode:

IE - WAT - Images - Show Images (sjå verktylista)

Kontroller forsida og to undersider på nettstaden. Alternativ tekst som ikkje er likeverdig med innhaldet til biletet, tel på same måte som bilete utan alternativ tekst.

Svar ja dersom alle bilete har tilfredsstillande alternativ tekst.

Svar delvis dersom over halvparten av bileta har tilfredsstillande alternativ tekst.

Svar nei dersom under halvparten av bileta har tilfredsstillande alternativ tekst.

Sjekk at bilete som ikkje er relaterte til innhaldet eller som blir brukte som grafikk, har tom alternativ tekst (alt="").

1.2 Lenkjer skil seg ut frå vanleg tekst

Svaralternativ Nei - Under halvparten av lenkjene er tilfredsstillande og konsekvent markerte. (0 poeng)
Delvis - Over halvparten av lenkjene er tilfredsstillande og konsekvent markerte. (1 poeng)
Ja - Alle lenkjer er tilfredsstillande og konsekvent markerte. (3 poeng)

Difi sin kommentar:

Lenker i artikler på forsiden har kun fargeforskjell.

Beskrivelse:

Det skal vere enkelt å forstå kva som er lenkjer på nettstaden, og lenkjene skal difor skilje seg ut frå vanleg tekst på ein tilfredsstillande og konsekvent måte, til dømes med understreking eller utheving. Berre fargeforskjell mellom tekst og lenkjer blir ikkje regna som tilfredsstillande, mellom anna fordi personar med nedsett syn eller avgrensa fargesyn vil ha problem med å oppfatte dette.

Konsekvent vil seie at lenkjer i vanleg tekst blir markerte på same måte på heile nettstaden.

Berre tekst som er lenkjer, skal understrekast. Understreking av vanleg tekst kan skape forvirring rundt kva som er lenkjer og ikkje.

Referanse; WAI WCAG 2.0 – 1.4.1

Testmetode:

Visuell kontroll. Kontroller at lenkjene skil seg tilfredsstillande ut frå vanleg tekst. Kontroller også at lenkjene er markerte på same måte (konsekvent) i vanleg tekst på heile nettstaden.

Støtteverkty om nødvendig: IE - WAT - Colour - Greyscale (sjå verktylista).

Døme på tilfredsstillande markering er understreking eller utheving av lenkjetekst. Berre fargeforskjell blir ikkje rekna som tilfredsstillande. Dersom understreking blir brukt til andre formål enn lenkjer i vanleg tekst, skal det gjevast trekk i vurderinga.

Svar ja dersom alle lenkjer er tilfredsstillande og konsekvent markerte.

Svar delvis dersom over halvparten av lenkene er tilfredsstillande og konsekvent markerte.

Svar nei dersom under halvparten av lenkjene ikkje er tilfredsstillande og konsekvent markerte.

Døme

Understreking av lenkjer i løpande tekst, Trondheim kommune

1.3 Skriftstorleiken kan endrast

Svaralternativ Nei - Skriftstorleiken er sett i ei fast eining. (0 poeng)
Ja, relativ - Skriftstorleiken er sett i ei relativ eining. (1 poeng)
Ja, relativ med rettleiing - Skriftstorleiken er sett i ei relativ eining og nettstaden har informasjon om korleis brukaren kan endre denne. (2 poeng)
Ja, eksplisitt - Skriftstorleiken kan endrast til minimum 20px vha eksplisitt funksjonalitet på nettsida, og funksjonaliteten er gjort gjeldande for all tekst. (3 poeng)

Difi sin kommentar:

Eksplisitt funksjonalitet går max til 16 px.

Beskrivelse:

Brukaren bør kunne endre storleiken på skrifta på nettsidene etter eige ønske. Dette er viktig for brukarar med ein mildare grad av nedsett syn (til dømes eldre),  som ikkje nyttar seg av datatekniske hjelpemiddel.

Helst skal slik skalering vere mogleg ved hjelp av eksplisitt funksjonalitet på nettstaden, fordi mange ikkje kjenner til funksjonaliteten som ligg i nettlesaren. Varierande støtte i nettlesarar for skalering av tekst sett i faste einingar aukar også behovet for eksplisitt funksjonalitet. Skaleringsfunksjonen skal vere lett tilgjengeleg og skaleringa skal gjelde på heile nettstaden, også når ein går vidare til ei anna underside.

Skriftstorleiken på nettstaden skal vere sett i relative einingar (til dømes em), ikkje faste (til dømes px). Nettstader som ikkje har eksplisitt funksjonalitet skal ha rettleiing om korleis brukaren sjølv kan endre skriftstorleiken i nettlesaren (gjeld berre når skriftstorleiken er sett i relative einingar). Rettleiinga skal dekkje Internet Explorer 7 og 8, Mozilla Firefox 3, Opera 10, Safari 4 og Google Chrome 4.

Testmetode:

Testmetode del 1, eksplisitt funksjonalitet:

Visuell kontroll av side med mykje tekst. Sjå etter funksjonalitet på nettstaden som justerer tekststorleiken. Funksjonaliteten skal vere lett synleg og konsekvent plassert på alle sider.

Skaler teksten størst mogleg, sjekk at skaleringa gjeld all tekst, at innhaldet framleis er leseleg, at storleiken på teksten er minst 20px og at innstillinga gjeld på alle sider.

Skriftstorleiken blir kontrollert/målt med utvidinga Firebug (sjå verktylista) i Firefox på denne måten:

Firefox - Høgreklikk på teksten som skal målast (ein treng ikkje å markere teksten) - Vel «Inspect element». Firebug blir no opna i Firefox med to vindauge. Klikk på fana «Computed» er valt i vindauget til høgre og kontroller verdien til «font-size», denne skal vere minimum 20px. Skru av Firebug ved å trykkje på AV-ikonet oppe til høgre i Firebug-vindauget.

Svar ja, eksplisitt, dersom krava blir oppfylte og hopp over testmetode del 2, då denne berre blir brukt der eksplisitt funksjonalitet ikkje finst.

Testmetode del 2, fast/relativ eining:

Vel ei side med mykje tekst.

IE - Side (ev. Vis) - Tekststorleik - Størst (sjå verktylista). Kontroller om teksten skalerer og at dette gjeld all tekst. Dersom teksten skalerer, sjå etter rettleiar for korleis brukaren sjølv kan justere tekststorleiken i nettlesaren. Rettleiaren skal dekkje Internet Explorer 7 og 8, Mozilla Firefox 3, Opera 10, Safari 4 og Google Chrome 4. Rettleiaren, eller lenkje til eiga side med rettleiar, skal vere lett synleg og konsekvent plassert på alle sider.

Svar ja (2 poeng) dersom all tekst skalerer og nettstaden har rettleiar for dette.

Svar ja (1 poeng) dersom all tekst skalerer, men ikkje har tilfredsstillande rettleiar for dette.

Svar nei (0 poeng) dersom det ikkje er mogleg å skalere teksten på nettstaden.

Døme

Eksplisitt funksjonalitet for justering av skriftstorleik, Regjeringa

1.4 Datatabellar er tilgjengelege

Svaralternativ Table summary - Tabellsamandrag er definert. (1 poeng)
Caption - Tabelloverskrift er definert. (1 poeng)
TH - Rad- og kolonneoverskrifter er definerte. (2 poeng)

Difi sin kommentar:

Tabellen "Skjema papair" under selvbetjening.

Beskrivelse:

Informasjonen i datatabellar skal vere tilgjengeleg sjølv om han blir presentert på andre måtar enn den mest kjende todimensjonale visninga med rader og kolonnar. Spesielt er dette nødvendig for brukarar med datatekniske hjelpemidel som les nettsida lineært og dermed ikkje kan sjå kva tabellen presenterer eller kva celler som høyrer til kva rader og kolonnar. Datatabellar skal difor innehalde rad- og kolonneoverskrifter, overskrift og/eller samandrag.

I nokre enkle tabellar vil overskrifta og samandraget vere like, og det er difor tilstrekkeleg at berre ein av delane blir definert utan at dette gjev utslag på poenggjevinga (indikatoren gjev maksimalt tre poeng).

Dei ulike krava blir koda med <caption> for tabelloverskrift, <table summary> for tabellsamandrag, samt <th> for rad- og kolonnetitlar (<td> blir ikkje brukt til rad- og kolonnetitlar).

Denne indikatoren gjeld berre datatabellar. I layouttabellar skal ingen av krava brukast. Meir informasjon om bruk av layouttabellar finst i indikator 1.9.

Referanse; WAI WCAG 2.0 - 1.3.1

Testmetode:

Kontroll av datatabell på nettstaden.

IE - WAT - Tables - Show Data Tables (sjå verktøylista).

td, th, summary og caption blir no markert i tabellen dersom dette er brukt. Kontroller at th er brukt på kolonne- og radtitlar, samt om det er definert caption og/eller summary. Gje poeng basert på vurderinga. Indikatoren gjev maksimalt tre poeng om alle krav er oppfylte.

Dersom det finst fleire tabellar på nettstaden, ta utgangspunkt i den som oppfyller færrast krav.

Døme

Tabell med caption, summary og TH, Tromsø kommune

1.5 Rammer blir brukte på ein måte som reduserar ulempene

Svaralternativ Vanlege rammer - Nettstaden brukar vanlege rammer (frames). (0 poeng)
Iframe utan title - Nettstaden brukar iframe utan korrekt bruk av title. (1 poeng)
Iframe med title - Nettstaden brukar iframe med korrekt bruk av title. (2 poeng)
Ingen rammer - Nettstaden brukar ikkje rammer. (2 poeng)

Difi sin kommentar:

Ikkje relevant, nettstaden brukar ikkje rammer.

Beskrivelse:

Rammer kan i mange tilfeller minske tilgjengelegheita på nettstaden og bør i størst mogleg grad unngåas. Av rammebruk er det berre iframe som vil gje poeng i vurderinga, all bruk av vanlege rammer (frame) vil gi 0 poeng.

For å sørgje for at rammene er tilgjengelege, er det viktig at title-attributtet definerast i samsvar med innhaldet i ramma (tittelen skal ikkje gjenspegle den fysiske plasseringa til ramma). Slik kan kvar ramme kan identifiserast basert på namnet.

Testmetode:

Sjå etter bruk av rammer på nettstaden på denne måten: IE - WAT - Frames - Frame name/title (sjå verktylista). Dersom nettstaden bruker iframe, kontroller at iframen har ein beskrivande tittel.

Bruk alternativet «Ingen rammer» (2 poeng) dersom nettstaden ikkje brukar rammer.

Bruk alternativet «Iframe med title» (2 poeng) dersom beskrivande tittel er definert.

Bruk alternativet «Iframe utan title» (1 poeng) dersom tittel er mangelfull eller ikkje definert.

Bruk alternativet «Vanlege rammer» (0 poeng) dersom nettstaden brukar vanlege rammer (frames).

1.6 Meny og søk fungerer utan ekstra utvidingar

Svaralternativ Verken meny eller søkjefunksjon fungerer tilfredsstillande utan javascript/Flash. (0 poeng)
Søkjefunksjon - Søkjefunksjon fungerar tilfredsstillande utan javascript/Flash. (1 poeng)
Meny - Meny fungerer tilfredsstillende med javascript/Flash avslått. (1 poeng)

Difi sin kommentar:

Under tvil da søkeknappen ikke fungerer ved annen gangs søk og heller ikke søk etter "jobb" gir resultat når en er på søkesiden.

Beskrivelse:

Meny og søk er to av dei viktigaste funksjonane på ein nettstad og skal vere tilgjengelege for alle. Enkelte brukarar, spesielt dei som nyttar seg av datatekniske hjelpemiddel, vil få problem med løysingar som er avhengige av ekstra utvidingar (til dømes javascript eller Flash) for å fungere.

Indikatoren set difor krav til at meny og søkjefunksjon ikkje skal vere avhengige av ekstra utvidingar for å fungere.

Anna funksjonalitet på nettstaden som er avhengig av javascript og/eller Flash blir ikkje omfatta av denne indikatoren.

Kravet gjeld heile søkjefunksjonen, altså både søkjefelt og søkjeknapp.

Referanse; WAI WCAG 1.0 – 6.3

Testmetode:

Testmetode del 1, Javascript:

Firefox - WDTB - Disable - Disable JavaScript - All JavaScript - Oppdater sida (sjå verktylista).

Svar ja på eitt eller begge alternativa, avhengig av kva som fungerar som før. Svar nei dersom verken menyar eller søkjefunksjon (både søkjefelt og søkjeknapp) fungerar.

Testmetode del 2, Flash:

Firefox - Flashblock (skru på Flashblock (Javascript må no vere aktivert att for at Flashblock skal fungere) - Oppdater sida (sjå verktylista).

Svar ja på eitt eller begge alternativa, avhengig av kva som fungerer som før. Svar nei dersom verken menyar eller søkjefunksjon (både søkjefelt og søkjeknapp) fungerer.

1.7 Kontrasten på nettstaden er tilstrekkeleg

Svaralternativ Dårleg - Kontrastverdiar lågare enn 3:1. (0 poeng)
God - Kontrastverdiar mellom 3:1 - 4,5:1. (1 poeng)
Svært god - Kontrastverdiar høgare enn 4,5:1. (2 poeng)

Difi sin kommentar:

7.0:1 - hvit på blå bakgrunn (horisontal meny) Mørke blå på lyseblå: 5.2:1 (venstremeny)

Beskrivelse:

Tilstrekkeleg kontrast mellom tekst og bakgrunn er viktig for at personar med nedsett syn skal kunne lese innhaldet. Det finst ulike måtar å rekne ut kontrast på, algoritmen som blir brukt her måler kontrast i lysverdi. Farge speler ingen nøkkelrolle i algoritmen, slik at kontrastverdien er gyldig også for personar med nedsett fargesyn.

Dersom ein ikkje har tilfredsstillande kontrast på nettstaden, er eit alternativ å tilby ein høgkontrastversjon av innhaldet.

Logoar, innhaldsbilete og liknande har ikkje krav til kontrast.

Referanse; WAI WCAG 2.0 – 1.4.3

Testmetode:

IE - WAT - Colour - Contrast Analyser (vel luminosity-algoritmen) (sjå verktylista).

Menyar, innhald og andre element skal testast. Logoar og innhaldsbilete skal ikkje testast.

Vel forgrunns- og bakgrunnsfarge på dei ulike elementa, kontroller kontrastverdien og gje poeng basert på det dålegaste resultatet.

Nettstader med eigen høgkontrastversjon, skal vurderast basert på denne.

Døme

Kontrastverdiar over 4,5:1, Høgskulen i Bergen

1.8 Statisk innhald kan hoppast over

Svaralternativ Nei - Nettstaden manglar relevant «hopp til»-lenkje. (0 poeng)
Ja - Nettstaden har relevant «hopp til»-lenkje. (3 poeng)

Difi sin kommentar:

Nettstaden manglar relevant «hopp til»-lenkje.

Beskrivelse:

Når ei nettside blir lesen som ein sekvens (for eksempel tekst-til-tale-løysingar), har ikkje brukaren høve til å flytte blikket dit sjølve hovudinnhaldet byrjar. Han er difor nøydd til å lese gjennom statiske element (for eksempel hovudmeny og søkjefunksjon) før han kjem til innhaldet.

Lenkjer som hoppar over statiske element og fører direkte til relevante innhaldselement internt på sida, skal difor vere blant dei fem første lenkjene på sida. Indikatoren har berre krav om ei slik lenkje som skal føre til hovudinnhaldet, men fleire lenkjer kan leggjast til dersom dei er relevante. Lenkjenamnet skal vere beskrivande, og det er ikkje noko krav at lenkjene skal vere synlege.

Dersom ein ønskjer å skjule desse lenkjene, skal ikkje CSS-eigenskapane display:none; / visibility:hidden; brukast, då forsvinn dei også i mellom anna datatekniske hjelpemiddel som har behov for nettopp desse lenkjene. Posisjonering utanfor det visuelle grensesnittet via CSS er å føretrekkja dersom lenkjene skal skjulast.

Referanse; WAI WCAG 2.0 - 2.4.1

Testmetode:

Testmetode del 1, finne lenkjer:

IE - WAT - Doc info - List links (sjå verktylista). Svar «Ja» dersom ei av dei fem første lenkjene er ei lenkje til hovudinnhaldet på sida (noter namnet på lenkja då dette skal  brukast i del 3).

Testmetode del 2, beskrivande/fungerande:

Sjekk at namnet på lenkja er beskrivande og at lenkja fungerer tilfredsstillande (klikk og kontroller at ein blir flytta dit det er beskrive).

Testmetode del 3, kontroll av CSS (berre dersom lenkjene ikkje er synlege):

Firefox - WDTB - CSS - Disable Styles - All Styles (sjå verktylista). Høgreklikk på ei av lenkjene som vart funnen i testmetode del 1 og 2 og vel «Inspect Element» for å starte Firebug. Venstre del vil no vise HTML-kode med den aktuelle lenkja  markert, medan høgre del viser teksten «This element has no style rules» (fordi CSS er deaktivert). Trykk nå «Oppdater» i nettlesar (dette blir gjort for å aktivere CSS att). Venstre del som tidlegare viste «This element has no style rules», vil no vise kva CSS-eigenskapar som gjeld for lenkja. Svar nei (0 poeng) dersom eigenskapane display: none; eller visibility: hidden; er brukte.

Merk at CSS-eigenskapane som skjuler lenka kan liggje på eit innhylla element, til dømes ein DIV, der heile DIVen blir skjult. Dette kan du sjekke ved å klikke deg oppover i elementhierarkiet i venstre del i Firebug, og då vil CSS-eigenskapane følgje i høgre del.

Døme

Skjulte lenkjer (godkjend løysing), Porsgrunn kommune

Synlege lenkjer (godkjend løysing), Høgskulen i Bergen

1.9 Nettstaden skil mellom form og innhald

Svaralternativ Nei - Brukar ikkje CSS til formatering og tabellar blir brukte til layout. (0 poeng)
Delvis - Brukar CSS til formatering, men tabellar blir brukte til layout. (1 poeng)
Ja - Brukar CSS til både formatering og layout. (3 poeng)

Difi sin kommentar:

Footer i tabell, ellers CSS til alt.

Beskrivelse:

CSS, stilark, blir brukt for å skilje form og innhald og gjer designen langt meir fleksibel og funksjonell, mellom anna med tanke på vising tilpassa ulike medium. Ved å bruke CSS gjev ein også brukaren betre høve til å overstyra utsjånaden til sida, mellom anna fargar, kontrast og typografi.

Layouttabellar skal ein unngå både av semantiske grunnar og ikkje minst fordi ein misser mykje av fleksibiliteten og funksjonaliteten som er nødvendig for mange brukargrupper.

Referanse; WAI WCAG 1.0 – 5.3, samt heftet «Tilgjengelige nettsteder» side 25 kapittel 2.3 og 3.2.

Testmetode:

Firefox - WDTB - Outline - Outline Tables - Tables. Kontroller om tabellar blir brukte til layout (sjå verktylista).

Firefox - WDTB - CSS - Disable Styles - All Styles. Kontroller at all formatering blir tilbakestilt (sjå verktylista).

Svar ja dersom CSS er teke i bruk til formatering og layout.

Svar delvis dersom CSS blir brukt til formatering, men tabellar blir brukte til layout.

Svar nei dersom tabellar blir brukte til layout og CSS ikkje blir brukt til formatering.

1.10 Nettstaden sitt språk er oppgjeve

Svaralternativ Innhald på andre språk har korrekt deklarering. (1 poeng)
Hovudspråket er deklarert i HTML-elementet. (2 poeng)

Difi sin kommentar:

Nettstaden manglar korrekt deklarering av hovudspråk. Finner ikke info på andre språk.

Beskrivelse:

Formålet med indikatoren er å gje informasjon om kva språk som er nytta på nettstaden. Dette gjer at tekstleg innhald blir rett presentert i nettlesaren og ved bruk av datatekniske hjelpemiddel. Mellom anna brukar tekst-til-tale-løysingar denne informasjonen for å identifisere kva språk som skal lesast.

Indikatoren sjekkar både at hovudspråk er definert (i <html>), og at innhald som skil seg frå hovudspråket har korrekt språk definert (for eksempel avsnitt i tekst på anna språk eller eigne undersider på anna språk enn det nettstaden i utgangspunktet har).

Dersom nettsida har innhald på fleire språk, er hovudspråket det språket som er mest utbreidd.

Hovudspråket på nettstaden skal oppgjevast i <html> (<html lang="xx">), mens innhald på andre språk enn hovudspråket skal ha lang="xx" på eit kringliggjande element. Dersom alt innhaldet på sida endrar seg, skal ein aller helst bruke lang="xx" i <html>.

Aktuelle språkkodar finn du her; http://www.loc.gov/standards/iso639-2/php/English_list.php

Referanse; WAI WCAG 2.0 – 3.1.1 og Specifying Language in XHTML & HTML Content

Testmetode:

Testmetode del 1, hovudspråk er deklarert

Firefox - Høgreklikk ein tilfeldig stad på sida - Vis Kilde - Kontroller at lang="xx" ligg i <html>, til dømes på denne måten <html lang="no"> (sjå verktylista).

Bruk av xml:lang="xx" åleine (<html xml:lang="no">) blir ikkje godteke. Lang="xx" må vere inkludert.

Språkdeklarering oppgjeve på andre måtar enn nemnt over, gjev ikkje poeng.

Testmetode del 2, deklarering av innhald på andre språk

Finn ei side med innhald på eit anna språk enn hovudspråket.

Firefox - Høgreklikk på innhaldet som er på eit anna språk (det er ikkje naudsynt å markere teksten) - Inspect element - Kontroller at lang="xx" er definert på eit kringliggjande element til sjølve teksten. Dersom heile sida er på eit nytt språk, kan deklareringa liggje i <html>.

Aktuelle språkkodar finst herr; http://www.loc.gov/standards/iso639-2/php/English_list.php

Døme

Deklarering av norsk som hovudspråk, Etne kommune

1.11 HTML er korrekt koda på nettstaden

Svaralternativ Validering - HTML-valideringa gjev 5 eller færre feil. (2 poeng)
Semantisk HTML - Innhaldet samsvarer med definisjonen av HTML-elementa. (2 poeng)

Difi sin kommentar:

HTML-validering: forsida, 28 feil. "Om kommunen", 22. Semantisk HTML: "Politisk virksomhet i Flakstad", ikke korrekt kodet overskrifter.

Beskrivelse:

W3C sine standardar er grunnlaget for utvikling av tilgjengelege nettstader i ulike medium. Det er avgjerande at standardar blir følgde for brukarar som er avhengige av tilrettelagde løysingar og datatekniske hjelpemiddel.

Indikatoren sjekkar både tal feil i W3C sin HTML-validator, og om innhaldet samsvarar med definisjonen av HTML-elementa. Alle element skal vera markert med korrekte taggar i forhold til type innhald, altså det som kallast semantisk HTML. I praksis sjekkast overskrifter, avsnitt og lister.

Det blir tolerert opp til fem feil i validatoren, uavhengig om det er same type feil som går att fleire gonger.

Referanse; WAI WCAG 2.0 – 4.1.1

Testmetode:

Testmetode del 1, validering

IE - WAT - Check - HTML Validation Quick Check (bruk valget «All Frames» på sider med rammer) (sjå verktylista).

Test startsida og ei side på nivå 2.

Dersom verktyet validerer fleire sider/rammer, vel det resultatet som har same URL som testsida.

Gje poeng dersom validatoren syner 5 eller færre feil.

Testmetode del 2, semantisk HTML

Firefox - WDTB - Information - Display Element Information. Firefox vil no vise ein gul boks oppe i venstre hjørne (denne kan flyttast ved å klikke og dra toppen av boksen).

Test startsida og ei side på nivå 2.

Klikk på ulike element på nettstaden (overskrifter, avsnitt og lister), og kontroller at desse er markert med korrekte taggar i forhold til innhaldet. Korrekte taggar er <h1> til <h6> for overskrifter, <p> for avsnitt og <dl>, <ul> eller <ol> for lister. Bruk av tvungen linjeskift (<br>) skal ikkje nyttast til å lage avsnitt.

2. Brukertilpasning

2.1 Nettstaden er lett å laste

Svaralternativ >350kB - Storleiken på startsida er over 350kB. (0 poeng)
>Mobilversjon - Nettstaden fins i eigen mobilversjon. (1 poeng)
300-350kB - Storleiken på startsida er mellom 300 og 350kB. (1 poeng)
250-300kB - Storleiken på startsida er mellom 250 og 300kB. (2 poeng)
<250kB - Storleiken på startsida er under 250kB. (3 poeng)

Difi sin kommentar:

200.3 K 14.09.2010 kl. 13:20

Beskrivelse:

Breiband har framleis ikkje full dekning i Noreg, og det er difor viktig å fokusere på storleik slik at ikkje nettstaden tek lang tid å laste. I tillegg er surfing via mobile einingar i kraftig auke der tunge nettstader gjer det både tidkrevjande og kostbart å surfe. Ein bør difor vere observant på filstørrelsar på mellom anna bilete, HTML og CSS, slik at nettstaden ikkje blir større enn naudsynt.

Indikatoren løner også nettstader som tilbyr eigen mobilversjon av nettstaden.

Indikatoren gjev maksimalt 3 poeng, sjølv om nettstaden er under 250kB og har eigen mobilversjon.

Testmetode:

Testmetode del 1, måling av størrelse

Firefox – Test hovudside på nettstaden med YSlow (trykk på «YSlow» nede på statuslinja i nettlesaren og vent medan YSlow startar opp). Vel «Stats» øvst i YSlow-vinduet (vent medan YSlow måler storleiken på sida).

Kontroller storleiken på sida (Total Size) i kolonna «Empty Cache» til venstre og gje poeng ut frå grenseverdiane i alternativa (sjå verktylista).

Testmetode del 2, mobilversjon

Opera Mini Simulator, gå inn på http://www.opera.com/mobile/demo/ og tast inn adressa til nettstaden. Kontroller om nettstaden har eigen mobilversjon.

2.2 Innhaldet er merkt med dato

Svaralternativ Lite - Har lite eller inga datering på innhaldsartiklane. (0 poeng)
Delvis (>½) - Har datering på over halvparten av innhaldsartiklane. (1 poeng)
Alt - Har konsekvent datering på alle innhaldsartiklane. (3 poeng)

Difi sin kommentar:

Alle innhaldsartiklar på nettstaden har konsekvent datering.

Beskrivelse:

Stadig meir informasjon blir lagt ut på nett, og det er avgjerande at vi kan stole på at denne informasjonen er rett. Difor er det viktig at alle informasjonselement er påført dato for siste oppdatering. Reine transportsider fell ikkje inn under dette kravet.

Testmetode:

Visuell sjekk av eit tilfeldig utval av sider på fleire nivå på nettstaden. Sjå på ulike typar informasjonselement (nyheiter, tenesteomtalar, saksdokument, planar osv.). Reine «transportsider» skal ikkje vurderast.

Gje tre poeng dersom dateringa er konsekvent gjennomført på nettstaden.

Gje eitt poeng dersom det er datering på over halvparten av innhaldselementa, og ta med URL-en til sider utan datering i kommentarfeltet.

Ver merksam på openbert feil datostempling, til dømes dersom heile nettstaden får ny dato når ei side blir oppdatert.

2.3 Nettstaden har søkjefunksjon

Svaralternativ Storleik - Minimum 20 teikn er synleg i søkjefeltet. (1 poeng)
Ja - Nettstaden har søkjefunksjon. (1 poeng)
På alle sider - Nettstaden har søkjefunksjon konsekvent plassert på alle sider. (1 poeng)

Difi sin kommentar:

19 tegn i søkefeltet...

Beskrivelse:

Søkjefunksjonen på ein nettstad er ei viktig navigasjonsstøtte for de fleste brukarane. Søkjefunksjonen skal vera lett tilgjengeleg, konsekvent plassert på alle sider, og vere stor nok til at brukarane kan skrive inn lengre ord eller korte frasar og framleis sjå det som er skrive inn (minimum 20 teikn).

Testmetode:

Testmetode del 1, førekomst

Visuell kontroll. Kontroller førekomst av søkjefelt og søkjeknapp på framsida. Kontroller også at eventuell søkjefunksjon fungerer, både via tastatur (skriv eit søkjeord og trykk Enter), og via mus (skriv eit søkjeord og trykk på søkjeknappen med musa).

Testmetode del 2, på alle sidene

Visuell kontroll. Kontroller eit utval undersider og sjekk at nettstaden har søkjefunksjon, og at denne er konsekvent plassert på alle sider.

Testmetode del 3, storleik

Kontroller at søkjefeltet har plass til 20 synlege teikn ved å lime inn «01234567890123456789» (talrekka består av 20 teikn), og sjekk at heile talrekka er synleg på ein gong.

Lenkje til «Søk» i hovudmeny eller liknande som blir gjenteke på alle sidene, oppfyller kriteriet «Har søkjefelt» (totalt 1 poeng).

Døme

Søkjefunksjon som tilfredsstiller alle krav, Stavanger kommune

2.4 Søkjeresultat blir presentert på ein god måte

Svaralternativ Har tematisk gruppering / annan systematisk klassifisering - Resultatlista kan grupperast etter ein tema-/emneordsliste eller vha ei klassifisering av treffa. (1 poeng)
Søkjeresultat er relevante - Valt søkjeord gjev relevante treff. (1 poeng)
Beskrivande tittel - Kvart enkelt treff skal ha ein beskrivande tittel. (1 poeng)
Sortering - Det er mogleg å sortere treffa på minst to av desse måtane: alfabetisk, relevans eller dato. (1 poeng)

Difi sin kommentar:

Søkeord: "barnehage". Ingen tematisering eller sortering. Relevante treff under tvil da det dukket opp veldig mye irrelevant også... Søkefeltet fungerer ikke med enter-tasten når en søker på nytt på selve søkesiden (gir ingen treff)

Beskrivelse:

Ein god søkjefunksjon er kjenneteikna ved at det er enkelt å finne fram i søkjeresultata. Korleis søkjeresultat blir presentert er såleis viktig. Til dette kriteriet er det sett fire krav: Beskrivande tittel, brukarstyrt sortering, tematisk gruppering/anna klassifisering, og ikkje minst relevante treff.

Testmetode:

Søk med relevant søkjeord frå ei av kjernesidene og vurder treffa. Vurder tittel og høve til både sortering (det skal vere mogleg å sortere treffa på minst to av desse måtane: relevans, dato eller alfabetisk), og tematisk eller anna gruppering.

Relevante treff medfører at resultatlista må innehalde sider med den valde kjerneinformasjonen, ha generelle dokument/sider med definisjonar/beskrivingar først, samt at sider/dokument med handlingsretta/rettleiande informasjon kjem høgt opp på trefflista. Ein må difor besøke dei ulike resultatsidene for å få vurdert dette.

Døme

Søkjeresultat som tilfredsstiller alle krav, Regjeringa

2.5 Innhaldet er presentert på andre språk enn norsk

Svaralternativ Kontaktinfo - Nettstaden har enkel kontaktinformasjon på andre språk. (1 poeng)
Utvida - Nettstaden har informasjon om organisasjonen sin brukarretta kjerneverksemd på andre språk. (2 poeng)

Difi sin kommentar:

Finner ikke sentral informasjon eller kontaktinformasjon på andre språk.

Beskrivelse:

Hovudmålgruppa for denne indikatoren er framandspråklege i Noreg som er ute etter viktig informasjon om offentleg tenestetilbod. Omsetjingar av brukarretta kjerneinformasjon gjev difor meir utteljing enn meir generell informasjon eller turistinformasjon. Verksemdene er sjølv dei næraste til å vurdere si eiga kjerneverksemd, og teikn på god vurdering av dette gjev ekstra utteljing. På bakgrunn av hovudmålgruppa bør inngangen til denne informasjonen ligge lett tilgjengeleg på framsida av nettstaden. Ver merksam på at indikatoren måler språk og ikkje målform, og heller ikkje legg retningslinjer for kva språk som er relevante då dette vil variere og er opp til verksemda å avgjere.

Automatiserte omsetjingar (til dømes Google Translate) gjev ikkje poeng her, mellom anna fordi det ikkje finst noko kvalitetssikring av resultatet.

Testmetode:

Visuell kontroll. Sjå etter lett tilgjengeleg inngang til anna språkversjon. Gje eitt poeng for kontaktinformasjon og to poeng for brukarretta kjerneinformasjon. Sistnemnde skal vere utfyllande. Det er ingen retningslinjer for kva språk som blir godkjende. Samisk blir rekna som poenggjevande språk.

Døme

Utfyllande informasjon på både engelsk og polsk, Skatteetaten

2.6 Hovudmenyen er konsistent på heile nettstaden

Svaralternativ Nei - Nettstaden manglar konsistent hovudmeny på de tre øvste nivåa. (0 poeng)
Ja - Nettstaden har ein konsistent hovudmeny på de tre øvste nivåa. (2 poeng)

Difi sin kommentar:

Nettstaden har ein konsistent hovudmeny på de tre øvste nivåa.

Beskrivelse:

Ein konsistent hovudmeny er det viktigaste navigasjonsverktyet på ein nettstad, og denne skal vere inngangen til hovudinformasjonen på nettstaden. Brukaren skal alltid ha høve til å navigere utan å måtte bruke «Tilbake»-knappen i nettlesaren, og han er difor avhengig av at menyen er konsistent ned til nivå tre på nettstaden. Konsistent vil seie at menyen er gjennomgåande lik på heile nettstaden.

Referanse; WAI WCAC 2.0 - 3.2.3

Testmetode:

Visuell kontroll. Kontroller at hovudmenyen er konsistent (gjennomgåande lik) ned til nivå tre på nettstaden.

2.7 Nettstaden har markert kvar ein er i nettstadsstrukturen

Svaralternativ Ingen - Nettstaden manglar både brødsmulesti og tydeleg markering i menyen. (0 poeng)
Menymarkering - Nettstaden har tydeleg markering i menyen. (2 poeng)
Brødsmulesti - Nettstaden har klikkbar brødsmulesti. (2 poeng)

Difi sin kommentar:

Veldig forvirrende med to forskjellige nettsteder for samme kommune. Eks. gjennom søk kommer en til et annet sted med andre menyer, det samme hvis jeg velger "Kommunestyret" under "Politikk". Vanskelig å navigere mellom de to stedene...

Beskrivelse:

Ein nettstad kan ha mange undernivå og ei kompleks oppbygging. Det er difor viktig at brukaren veit kvar i nettstadsstrukturen han er. Brødsmulesti OG/ELLER markering i meny er begge viktige former for navigasjonsstøtte og er sidestilte poengmessig. Brødsmulesti skal vera klikkbar, markering i menyen skal vere tydeleg, og begge skal minimum vere gjort gjeldande ned til nivå tre på nettstaden.

Det er viktig at funksjonaliteten fungerer frå alle innhaldsinngangar, også søk.

NB: Dette kriteriet gjev maksimalt to poeng, sjølv om ein både har brødsmulesti og markering i menyen (løysingane er sidestilte).

Referanse; WAI WCAG 2.0 – 2.4.8

Testmetode:

Visuell sjekk, bruk ulike inngangar for å nå innhaldet (meny, søk, etc). Kontroller om det er mogleg å avgjere kvar på nettstaden ein er, basert på klikkbar brødsmulesti (til dømes «Her er du») og/eller tydeleg markering i meny (til dømes utheving/farge).

Markeringen skal minimum vere gjort gjeldande ned til nivå tre på nettstaden.

Døme

Menymarkering og brødsmulesti:

Hasvik kommune

Finansdepartementet

2.8 Nettstaden har lagt til rette for utskrift av innhaldet

Svaralternativ Nei - Nettstaden har ikkje lagt til rette for utskrift av innhaldet. (0 poeng)
Ja - Nettstaden har lagt til rette for utskrift av innhaldet. (2 poeng)

Difi sin kommentar:

Eksplisitt funksjonalitet

Beskrivelse:

Det må vere enkelt å skrive ut innhaldet på nettsidene, og resultatet skal vere tilfredsstillande. Det er til dømes ikkje tilfredsstillande dersom unødvendig mykje papir og blekk blir brukt på menyar, grafikk og bakgrunn, eller at sidene blir kutta i margane slik at deler av innhaldet forsvinn på utskrifta. Det beste er om nettstaden har ein eigen utskriftsvennleg versjon av innhaldet, eller at det finst eigne CSS-stilark som automatisk blir brukte når ein skriv ut.

Testmetode:

Opera - Skru på dette valet: «Fil - Utskriftsalternativ - Skriv ut sidebakgrunn».

Dette blir gjort for å hindre at nettlesaren gjer eigne utskriftsførebuingar som påverkar vurderinga (sjå verktylista).

Sjå etter lenkje eller ikon til utskriftsvennleg versjon eller gå til «Fil - Førehandsvising» og kontroller resultatet. Ei tilfredsstillande utskrift skal presentere innhaldet utan unødvendige element som for eksempel bakgrunn eller meny. Poenggje basert på vurderinga.

Vurderinga bør vere streng sidan dette ikkje er noko nytt krav.

Døme

Nettstaden har lagt til rette for utskrift av innhaldet, Tromsø kommune

2.9 Nettstaden har ein oversikt over innhaldet

Svaralternativ Nei - Nettstaden har ikkje ein tilfredsstillande oversikt over innhaldet, eventuelt er denne vanskeleg å finne. (0 poeng)
Ja - Nettstaden har ein oversikt over innhald ned til nivå 3. (2 poeng)

Difi sin kommentar:

Nettstaden har ein oversikt over innhald ned til nivå 3.

Beskrivelse:

Ein sideoversikt, til dømes i form av nettstadskart, gjev viktig navigasjonsstøtte for de besøkande. I tillegg gjer ein slik oversikt det lettare å sjå kva nettstaden inneheld og korleis innhaldsstrukturen er organisert. Oversikten bør gje tilgang til innhaldet i samsvar med menystruktur. Indeks bør vere ei alfabetisk sortert stikkordsliste. Oversikten skal i minste fall dekkje innhald ned til nivå tre og vere tilgjengeleg og lett å finne frå framsida.

Det er viktig at ein slik innhaldsoversikt er oppdatert og ikkje inneheld feil.

Referanse; WAI WCAG 2.0 - 2.4.8

Testmetode:

Testmetode del 1, førekomst:

Visuell kontroll. Sjekk førekomst av nettstadskart. Lenkje til nettstadskartet skal vere godt synleg på framsida, og teksten på lenkja skal vere beskrivande slik at det er lett å forstå at det ligg eit nettstadskart eller ein indeks bak.

Testmetode del 2, dekning:

Visuell kontroll. Sjekk om sideoversikten dekkjer innhald ned til nivå tre.

Døme

Oversikt over innhaldet ned til nivå 3:

Alta kommune

Forskningsetiske komiteer

2.10 Nettstaden har lagt inn relevante metadata

Svaralternativ Beskrivande metadata - Nettstaden har beskrivande metadata. (1 poeng)
Unike metadata på kvar side - Nettstaden har unike beskrivande metadata på kvar enkelt side. (1 poeng)

Difi sin kommentar:

Nettstaden har ikkje beskrivande description og får difor ikkje poeng på denne indikatoren.

Beskrivelse:

Bruk av metadata gjer det mellom anna enklare for søkjemotorar å gje gode treff på søk, og har relevans for utviklinga av semantisk web. Indikatoren sjekkar at nettstaden brukar «description» til å beskrive innhaldet på kvar enkelt underside.

Referanse; WAI WCAG 1.0 - 13.2

Testmetode:

IE - WAT - Doc info - Metadata information (sjå verktylista). Sjekk førekomst av description på startsida og på minst 3 undersider. Innhaldet i description skal vere beskrivande og relevant i forhold til innhaldet på kvar enkelt side (unike metadata).

Gje eitt poeng dersom det fins metadata på alle sider, men denne ikkje er unik for kvar enkelt side.

Gje to poeng dersom nettstaden har unike metadata på alle sider.

For sider som er baserte på rammer, må metadata for innhaldsramma bli vurderte. Sjå på namnet eller adressa til ramma for å finne innhaldsramma.

Tekniske metadata eller metadata som profilerer leverandørar gjev ikkje poeng.

Døme

Beskrivande og unike metadata på kvar underside, Sjøfartsdirektoratet

2.11 Nettstaden har beskrivande sidetitlar og adresser

Svaralternativ Beskrivande tittel på kvar side - Nettstaden har beskrivande tittel på kvar enkelt side. (2 poeng)
Beskrivande adresse på kvar side - Nettstaden har beskrivande adresse på kvar enkelt side. (2 poeng)

Difi sin kommentar:

Ingen av delene

Beskrivelse:

Ein beskrivande sidetittel og adresse gjer det lettare for brukaren å avgjere kvar på nettstaden han er og kva han kan forvente å finne av innhald på sida. Sidetitlane blir også bukte av mellom anna søkjemotorar og nettstadskart, i tillegg til at dei legg betre til rette for bokmerking. Med bakgrunn i mellom anna sistnemnde, er det eit krav at ein skal ha med namnet eller domenet til verksemda i tittelen (til dømes «Kontakt» versus «Kontakt Hole kommune »).

Adressene skal i tillegg til å vere beskrivande også vere unike for kvar side, slik at det er mogleg å lenkje eller bokmerke direkte til ei side. Språket som blir brukt i adressene skal vere det same som hovudspråket på nettstaden.

Referanse; WAI WCAG 2.0 - 2.4.2

Testmetode:

Testmetode del 1, adresse (URL):

Visuell kontroll på eit utval sider ned til nivå tre på nettstaden. Kontroller at adressa til sidene (URL) er beskrivande, i samsvar med innhaldet, og unik for kvar enkelt underside. Kontroller også at språket som blir brukt er det same som hovudspråket på nettstaden.

Testmetode del 2, tittel:

Visuell kontroll på eit utval sider ned til nivå tre på nettstaden. Kontroller at titlane til sidene er beskrivande og i samsvar med innhaldet. Kontroller at namnet til verksemda eller domenet er med i sidetittelen og at språket som blir brukt er det same som det generelle hovudspråket til nettstaden.

Døme

Beskrivande tittel og adresse på kvar side, Drammen kommune

2.12 Teksten på nettsidene er enkel å lese

Svaralternativ LIX-tal 55 eller høgare - Teksten er ikkje lettlesen. (0 poeng)
LIX-tal 54-45 - Teksten er middels vanskeleg. (1 poeng)
LIX-tal 44 eller lågare - Teksten er lettlesen. (2 poeng)

Difi sin kommentar:

Tjenester -> Skolestart: 42 Tjenester -> Grunnskoleopplæring for voksne: 44 (http://www.flakstad.kommune.no/PortalPublisher/showpage.jsp?page=c373e924c84c5b4297e800110a301435&structureid=c373e91e3c324af4bc3700110a301467&structureitem=c373e91e3c325ab471b300110a301467)

Beskrivelse:

Språket på nettsidene skal vere enkelt å lese for brukaren . LIX-berekning blir brukt for å få ein indikasjon på kor lett eller vanskeleg ein tekst er å lese. Utrekninga baserer seg på tal ord per setning og ord med seks eller fleire teikn.

Språkrådets liksreknar.

Testmetode:

Språkrådets liksreknar (LIX) - Bruk fana «Klipp», kopier og lim inn eigna tekst frå nettstaden og kontroller resultatet (sjå «Tekstens lesbarhetindeks er ...»)

Med eigna tekst meiner vi:

  • Kjerneinformasjonsside som er meint for vanlege brukarar
  • 150-600 ord
  • Overskrifter/mellomoverskrifter skal ikkje takast med

Dersom resultatet er nær ein av grenseverdiane, gjenta prosessen med en annen egna tekst og finn gjennomsnittsresultatet. Ver merksam på språkfeil i teksten som vil påverke resultatet av testen, for eksempel orddeling og overdriven bruk av punktum.

2.13 Nedlastbare dokument er publisert som PDF eller ODF

Svaralternativ Nedlastbare dokument er ikkje publisert etter gjeldande krav (PDF og ODF). (0 poeng)
Nedlastbare dokument er publisert etter gjeldande krav (PDF og ODF). (2 poeng)
Ikkje relevant eller alt er publisert som HTML. (2 poeng)

Difi sin kommentar:

Mange skjemaer i .doc (se selvbetjening -> skjema på papir). pdf-skjemaene kan ikke redigeres.

Beskrivelse:

01.01.09 vart ODF og PDF innført som obligatoriske dokumentformat i staten.

Dette gjer det lettare for dei besøkande å få tak i dokument frå nettstaden, fordi ein slepp problematikken rundt krav om programvare som i verste fall kan føre til økonomiske utlegg for brukaren. Indikatoren lønar publisering av dokument i PDF (dokument som berre skal lesast, ikkje redigerast/fyllast ut av brukaren) og ODF (dokument som skal redigerast/fyllast ut av brukaren). Publisering av redigerbare skjema som PDF med interaktive komponentar (at PDF-en kan skrivast i direkte via PC) er likestilt med ODF.

ODF er ei fellesnemning for fleire opne dokumentformat, derav mellom anna ODT (tekstdokument), ODS (rekneark) og ODP (presentasjon).

Aller helst skal ein publisere mest mogleg som HTML direkte på nettstaden. Dokument som er publisert som ODF bør også parallellpubliserast, til dømes både som ODT og DOC (tekstdokument).

Testmetode:

Visuell sjekk. Kontroller om nettstaden har dokument til nedlasting og kva dokumentformat som er brukt.

Nettstader som ikkje har dokument til nedlasting, alternativt publiserer alle dokument som HTML, skal ha poeng på alternativet «Ikkje relevant eller alt er publisert som HTML».

Kontroller berre dokument som er publisert etter 01.01.09 (1.januar 2009).

Gje poeng basert på resultatet. Indikatoren gjev maksimalt 2 poeng.

Tips: Dokument kan finnast via Google ved å bruke følgjande søkjestreng: site:noreg.no filetype:pdf/odt/doc/etc (bytt ut noreg.no med aktuell nettstad, samt ønska filtype).

Døme

HTML og pdf-publisering, Regjeringen

3. Nyttig innhald

3.1 Nettstaden legg til rette for forenkla informasjonsflyt

Svaralternativ Nyheitsstraum - Har høve for abonnement på nyheitsstraum. (2 poeng)
Dialog - Nettstaden inviterer til dialog (nettprat/blogg/nettmøte/sosiale media). (2 poeng)

Difi sin kommentar:

Har nyhetsbrev.

Beskrivelse:

Regjeringa har gjennom den statlege kommunikasjonspolitikken sett som mål at staten aktivt skal jobbe for å gi relevant informasjon til alle innbyggjarar, samt bidra til openheit og medverknad i utforming av politikk og tenester. Nettet er ein viktig arena for informasjonsflyt mellom forvaltning og brukar.

Indikatoren lønar tilrettelegging for ein- og tovegskommunikasjon i form av nyheitsstraum og dialog. Både nyheitsbrev og RSS er godkjent som nyheitsstraum. Sistnemnde skal kunne oppdagast maskinelt, det er difor eit krav at desse er rett implementert. Aktuelle løysingar for å fremje dialog med innbyggjarane kan vere nettprat (chat), blogg, nettmøte eller anna bruk av sosiale media. Nettstader som brukar sosiale media frå tredjepart (eksempelvis Facebook eller Twitter) skal profilere dette på nettstaden.

Testmetode:

Testmetode del 1, nyheitsstraum (til dømes RSS eller nyheitsbrev):

Firefox - Sjå etter RSS-logo rsstil høgre på adresselinja i Firefox (testen blir gjort på startsida på nettstaden). RSS-straumar som ikkje kjem opp med ikon i adresselinja ,gjev ikkje poeng, sjølv om det er RSS-straum ein annan stad på nettstaden. RSS-straumen er då implementert på ein måte som ikkje er mogleg å oppdage maskinelt.

Sjå om ein kan melde seg på nyheitsbrev eller andre nyheitsstraumar. Dette skal vere lett synleg.

Testmetode del 2, dialog:

Visuell kontroll. Kontroller førekomst av funksjonalitet som inviterer til dialog. Dette kan mellom anna vere nettprat (chat), blogg, nettmøte eller anna bruk av sosiale media. Bruk av sosiale media frå tredjepart (eksempelvis Facebook eller Twitter) skal profilerast på nettstaden for at dette skal gje poeng.

Døme

Nyheitsstraum, Statens Vegvesen

Dialog, Kongsvinger kommune

3.2 Nettstaden har strukturert informasjon om kjerneoppgåver

Svaralternativ Relevant aktualitetsstoff/relevante ofte stilte spørsmål - Har relevant aktualitetsstoff og/eller ofte stilte spørsmål i tilknyting til kvar kjerneoppgåve. (1 poeng)
Interne informasjonsressursar - Har interne informasjonsressursar knytt til kvar kjerneoppgåve. (1 poeng)
Eksterne informasjonsressursar - Har eksterne informasjonsressursar knytt til kvar kjerneoppgåve. (1 poeng)
Definert kjerneoppgåve - Har informativ definisjon av dei viktigaste oppgåvene til organisasjonen. (1 poeng)
Tilvising til tilsette/roller/funksjon i organisasjonen - Viser kven i organisasjonen som kan gje meir informasjon om kvar kjerneoppgåve. (1 poeng)
God informasjonsstruktur - Har strukturert informasjon knytt til kvar kjerneoppgåve. (1 poeng)

Difi sin kommentar:

Kjerneside: "hjemmehjelp" Ikke relevant aktualitetsstoff eller ytterligere interne informasjonsressurser (interne lenker)

Beskrivelse:

Nettstaden til organisasjonen skal gje fyldig og oppdatert informasjon om relevante tema og tenester som er ein del av kjerneverksemda til organisasjonen. Informasjon om kjerneoppgåver skal tematiserast, strukturerast og aktualiserast på nettstaden slik at brukaren enkelt kan finne fram til det han treng.

Indikatoren gjev maksimalt fem poeng, sjølv om det er seks krav.

Testmetode:

Testmetode

Visuell kontroll. Gje ei skjønnsmessig vurdering av innhaldet på sider som omhandlar kjerneoppgåver (tema/tenesteinformasjon). Slike sider skal vere lett tilgjengelege og skal presenterast på ein oversiktleg måte med overskrifter, boksar og kontaktinformasjon (tilsette/roller/funksjon). Nettstader som har interne og eksterne lenkjer til så vel autentiske (lov-)tekstar som konkret regelverk og tenester, samt gjev brukarane relevant aktualitetsstoff og/eller ofte stilte spørsmål knytt til kjerneverksemd skal lønast.

Sider, som for eksempel «Om oss», skal ikkje testast, og ei generell tilvising til servicetorg eller liknande oppfyller ikkje kravet «Viser kven i organisasjonen som kan gje meir informasjon».

På kommunale nettstader er sidene som omhandlar barnehagetilbodet i kommunen eit døme på sider med slik brukarretta kjerneinformasjon.

Døme

I kommunesektoren er Dyrøy kommune eit døme som tilfredsstiller fleire av krava til god informasjon. I statleg sektor er Fylkesmannen i Sogn og Fjordane eit godt eksempel.

3.3 Nettstaden har sentral kontaktinformasjon

Svaralternativ Ja - Kontaktinfo er tilgjengeleg direkte på framsida eller eiga kontaktside. (1 poeng)
Ja, på alle sider - Enkel kontaktinfo er konsekvent plassert og lett tilgjengeleg på alle sider. (1 poeng)

Difi sin kommentar:

Nettstaden har enkel kontaktinformasjon konsekvent plassert og lett tilgjengeleg på alle sider.

Beskrivelse:

Sentral kontaktinformasjon skal vere lett tilgjengeleg uansett kvar på nettstaden ein er. Behovet for å ta kontakt blir ofte utløyst av noko som står på sidene, og då er det viktig at kontaktinformasjonen er på same side. Den viktigaste kontaktinformasjonen, det vil seie telefonnummer og e-postadresse til verksemda, bør difor blir gjenteken på alle sidene.

Framsida eller eiga kontaktside skal innehalde telefonnummer, e-postadresse, organisasjonsnummer, opningstider, postadresse og besøksadresse (dersom sistnemnde er forskjellig frå postadressa).

Referanse; Lov om Enhetsregisteret, § 23

Testmetode:

Testmetode del 1, ja

Visuell kontroll. Sentral kontaktinfo skal være tilgjengeleg frå alle sider, lett synleg og konsekvent plassert på framsida eller på eiga kontaktside.
Med sentral kontaktinfo meinast telefonnummer, e-postadresse, organisasjonsnummer, opningstider, postadresse og besøksadresse (dersom sistnemnde er forskjellig frå postadressa).

Testmetode del 2, ja, på alle sidene

Visuell kontroll. Kontroller at telefonnummer og e-postadresse til sentralt kontaktpunkt er vist på alle sidene på nettstaden. Fysisk plassering av kontaktinfoen speler ikkje inn i vurderinga, men kontaktinformasjonen må være konsekvent plassert. Kontaktinformasjonen bør ikkje gøymast bort.

Døme

Tilfredsstillande kontaktinformasjon, Samferdselsdepartementet

3.4 Nettstaden har sentral eigeninformasjon

Svaralternativ Presentasjon av leiing/tilsette på personnivå - Leiing og tilsette er presentert med namn og kontaktinfo. (1 poeng)
Organisasjonskart - Nettstaden har eit lett synleg, klikkbart organisasjonskart. (1 poeng)
Presentasjon av ansvarsområde - Nettstaden omtalar organisasjonen og arbeidsområda. (1 poeng)

Difi sin kommentar:

Har liste over ansatte og politikere under Innsyn - Politikk. Finner ikke org.kart eller generell presentasjon av organisasjon og ansvarsområder.

Beskrivelse:

Nettstader er ein viktig ressurs for å finne eigeninformasjon om organisasjonar. Nettstaden skal difor ha klikkbart organisasjonskart og informasjon om ansvarsområde og dei tilsette/leiinga.

Informasjonen skal vere utfyllande, oppdatert og lett tilgjengeleg på nettstaden.

Testmetode:

Testmetode del 1, organisasjonskart:

Visuell sjekk. Kontroller om nettstaden har klikkbart organisasjonskart (også via tastatur), og om dette er lett å finne. Organisasjonskartet skal vere synleggjort på nettstaden, løysingar som krev nedlasting (til dømes formata PDF eller DOC) gjev ikkje poeng.

Testmetode del 2, presentasjonar;

Visuell sjekk, sjå etter organisasjonsinngangar/klikkbare organisasjonskart med lenkjer til presentasjon av arbeidsområda til organisasjonen eller oppgåvene til organisasjonsledda. Sjå i tillegg etter presentasjon av alle tilsette/leiinga. Presentasjonen skal innehalde namn og kontaktinformasjon på kvar enkelt.

For verksemder der presentasjon av tilsette av forståelege grunnar må avgrensast (til dømes politi eller skattevesen), held det at toppleiinga blir presentert.

Løysingar der ein ikkje får oversikt over dei tilsette, men berre får dei opp ved å søkje etter namn gjev ikkje poeng.

Døme

Organisasjonskart, Statsministarens kontor

Presentasjon av ansvarsområde, Statsministerens kontor

Presentasjon av leiing/tilsette på personnivå, Statsministerens kontor

3.5 Nettstaden legg til rette for innsyn i postjournal, saker og møter

Svaralternativ Postjournal - Postjournal er publisert på nettstaden. (1 poeng)
Digitalt innsyn - Høve til å sjå eller laste ned lyd- eller videooverføringar frå møte. (1 poeng)
Innsyn i saksdokument - Høve til å sjå eller laste ned innkalling, saksdokument og referat/protokoll frå møte. (2 poeng)
Postjournal tilrettelagt for dokumentbestilling eller fulltekstpublisering - Postjournal er tilrettelagt for elektronisk bestilling av dokument, alternativt er dokumenta publisert i fulltekst. (2 poeng)
Ikkje relevant - Nettstaden representerer ikkje ei verksemd. (6 poeng)

Difi sin kommentar:

Postjournal - dokumenter publisert i fulltekst.

Beskrivelse:

I samsvar med offentleglova har ein lovfesta rett til innsyn. Indikatoren gjev poeng til organisasjonar som tek i bruk teknologien for å forenkle denne prosessen, og som aktivt bruker nettet for å opne opp organisasjonen. Innsyn i postjournalen til organisasjonen, saker og møter fremjar demokrati, deltaking og openheit. Nettstader som legg til rette for dokumentbestilling eller fulltekstpublisering blir løna. Dokumentbestilling betyr at nettstaden har eigen funksjon for bestilling av dokument. Bestilling via e-post er ikkje rekna som bestillingsfunksjon. Alternativet «Ikkje relevant» blir berre brukt dersom nettstaden ikkje representerer ei verksemd, til dømes www.norge.no, som er ein portal som er eigd av Direktoratet for forvaltning og IKT.

Testmetode:

Testmetode del 1, postjournal;

Enkel postjournal – visuell sjekk. Kontroller førekomst av postjournal (eitt poeng)
Postjournal tilrettelagt for dokumentbestilling eller fulltekstpublisering – visuell sjekk. Kontroller om nettstaden har eigen funksjon for bestilling av dokument eller publiserer dokument i fulltekst (2 poeng). Dokumentbestilling via e-post gjev ikkje poeng.

Testmetode del 2, møte/saksdokument:

Visuell sjekk. Sjå etter høve til innsyn i saker og møte.
Innsyn i saksdokument krev høve til å sjå eller laste ned saksdokument, innkallingar eller referat/protokollar frå møte. Digitalt innsyn krev høve til å sjå eller laste ned lyd- eller video-overføringar frå møte.
Alternativet «Ikkje relevant» blir berre brukt dersom nettstaden ikkje representerer ei verksemd, til dømes www.norge.no, som er ein portal som er eigd av Direktoratet for forvaltning og IKT.

Døme

Postjournal, Bærum kommune

Innsyn i saksdokument, Bærum kommune

Digitalt innsyn, Bærum kommune

3.6 Nettstaden legg til rette for elektroniske høyringar

Svaralternativ Nei - Nettstaden legg ikkje saker ut på høyring. (0 poeng)
Enkel høyring - Nettstaden legg saker ut på høyring. (1 poeng)
Enkel høyring med innsending eller publisering - Nettstaden legg saker ut på høyring og har anten skjema for innsending av høyringsfråsegner eller publiserer desse på nettstaden. (2 poeng)
Komplett høyringsløysing - Nettstaden legg saker ut på høyring med skjema for innsending av høyringsfråsegner og med tilgang til andre høyringsfråsegner i saka. (3 poeng)
Ikkje relevant - Type verksemd gjer at nettstaden ikkje har bruk for elektronisk høyring. (3 poeng)

Difi sin kommentar:

Finner ingen høringer...

Beskrivelse:

Indikatoren sjekkar i kva grad offentlege nettstader tek i bruk elektroniske høyringar som verkty for demokratisk dialog og deltaking, og lønar dei som legg til rette for dette. Ei komplett høyringsløysing skal gje tilgang til aktuelle høyringsdokument, ha eigne skjema for innsending av fråsegner og gje tilgang til andre fråsegner i saka.

I tillegg til dei meir tradisjonelle (og gjerne lovpålagte) høyringane dei fleste kjenner, gjev indikatoren også poeng til nettstader som arrangerer elektroniske høyringar i mindre saker der innspel frå dei det gjeld vil vere av interesse. Eit døme kan vere plassering av ei kommunal volleyballbane.

Testmetode:

Visuell kontroll, sjekk førekomst av løysing for elektroniske høyringar.

Bruk alternativet «enkel høyring» dersom verksemda berre legg ut saksdokument og fråsegner må sendes inn via e-post.

Bruk alternativet «enkel høyring med innsending» dersom verksemda legg saker ut på høyring og har egne skjema til å sende inn fråsegner knytt til saka, men manglar tilgang til andre fråsegner i saka. Dette alternativet skal også nyttas dersom nettstadet manglar skjema for elektronisk innsending, men legg ut fråsegner i saka.

Bruk alternativet «komplett høyringsløysing» dersom verksemda legg saker ut på høyring, har eigne skjema for innsending av fråsegner og gir tilgang til andre fråsegner i saka.

Døme

Komplett høyringsløysing, Sørum kommune

3.7 Nettstaden utnyttar teknologien til å lage nyttige løysingar

Svaralternativ Nei - Nettstaden har ikkje tenester/funksjonalitet som er nyttig for brukarane. (0 poeng)
Ja, ein - Nettstaden har teneste/funksjonalitet som er nyttig for brukarane. (1 poeng)
Ja, fleire - Nettstaden har fleire ulike typar tenester/funksjonalitet som er nyttig for brukarane. (3 poeng)

Difi sin kommentar:

Tekst-til-tale

Beskrivelse:

Indikatoren sjekkar i kva grad offentlege nettstader tek i bruk moglegheitene i webteknologien og brukar dei til å lage nyttige løysingar for brukarane.

Nyttige løysingar kan vere bestillingstenester, tekst-til-tale-løysingar, kalkulatorar, e-innbyggjarinitiativ (slik at innbyggjaren kan fremje forslag etter kommunelova si § 39), eller tilrettelegging for vidarebruk av opne data (offentleglova § 9). For at sistnemnde skal lønast, må nettstaden minimum opplyse om kva for eit format data finst på (helst strukturerte, maskinlesbare formater), samt gje retningslinjer for bruk.

Testmetode:

Testmetode

Visuell kontroll. Kontroller førekomst av nyttige tenester på nettstaden.

Døme

E-innbyggerinititativ, Sørum kommune

«VisVeg», Statens Vegvesen

Opne kartdata, Direktoratet for forvaltning og IKT

Tekst-til-tale, Etne kommune

3.8 Nettstaden har skjema for elektronisk innsending

Svaralternativ Nei - Nettstaden har ikkje skjema for elektronisk innsending. (0 poeng)
Kryptering - Skjema for elektronisk innsending er kryptert (avhengig av at nettstaden har elektroniske skjema). (2 poeng)
Har elektroniske skjema - nettstaden har skjema for elektronisk innsending. (3 poeng)
Ikkje relevant - Type verksemd gjer at nettstaden ikkje har bruk for skjema for elektronisk innsending. (5 poeng)

Difi sin kommentar:

Finner ingen skjema for elektronisk innsending.

Beskrivelse:

Elektroniske skjema gjer innsending av skjema lettare og ikkje minst raskare, både for brukaren og verksemda. Indikatoren gjev poeng til nettstader som legg til rette for elektronisk innsending av skjema. Av omsyn til personvern, skal innsending av elektroniske skjema som inneheld persondata, vere krypterte. På denne måten er det ikkje mogleg for uvedkommande å hente ut informasjon under sending til mottakaren.

Maks poengsum på denne indikatoren er fem poeng, som blir gjeve når nettstaden har elektroniske skjema med kryptering.

Testmetode:

Testmetode del 1, relevans;

Avgjer i kva grad nettstaden har bruk for skjema for elektronisk innsending, basert på kva type verksemd det er. Nettstader som ikkje er relevante, skal ha alternativet «ikkje relevant» og argumentasjon for avgjersla skal grunngjevast. Nettstader som er relevante, blir vurderte etter testmetode 2 og 3.

Testmetode del 2, elektroniske skjema;

Visuell sjekk av nettstaden. Sjå etter skjema for elektronisk innsending. Enkle skjema, til dømes enkle kontaktskjema, gjev ikkje utteljing.

Testmetode del 3, kryptering (berre om nettstaden har elektroniske skjema som vart funne i testmetode del 2):

Firefox. Kontroller at URL-en (sideadressa i adresselinja) på skjemasida begynner med httpS://, altså bokstaven S like etter «http».
Eit hengelåsikon blir også vist i statuslinja i nedre del av nettlesaren.

Døme

Søknad on inntak ved kulturskole, Alta kommune

Elektronisk lånesøknad, Statens Pensjonskasse

3.9 Nettstaden har innloggingsbasert sjølvbetening

Svaralternativ Nei - Nettstaden manglar informasjon om sjølvbeteningsløysinga eller manglar sjølvbetjeningsløysing. (0 poeng)
Oversikt over tenester - Informasjon om kva tenester som er tilgjengelege om ein autentiserer seg. (1 poeng)
Nettstaden har innloggingsbasert sjølvbetening. (2 poeng)
Personvernerklæring - Informasjon om personvern og korleis personopplysingar blir behandla er tilgjengeleg før innlogging. (2 poeng)
Ikkje relevant - Nettstaden har ikkje tenester som er aktuelle for sjølvbetening. (5 poeng)

Difi sin kommentar:

Finner ingen selvbetjeningsløsninger (ikke noe innhold i menypunktet "Selvbetjening")

Beskrivelse:

Sjølvbeteningsløysingar gjev store moglegheiter for innbyggjaren på nett, og det er difor viktig at nettstaden tilbyr relevant informasjon for brukaren. Indikatoren lønar dei nettstadane som har innloggingsbasert sjølvbetening, gjev god informasjon om kva tenester som finst, og om nettstaden har publisert ei personvernerklæring.

Innloggingsløysinga bør basere seg på felleskomponentar, for eksempel MinID (http://www.difi.no/emne/ikt/eid-og-minid/hvorfor-elektronisk-id). Foreløpig vart det ikkje skilt mellom innloggingsløysingane i poenggjevinga.

Personvernerklæringa skal innehalde informasjon om kva opplysningane blir nytta til (formål), om det er frivillig å gje frå seg opplysningane, om opplysningane vil bli utlevert (og eventuelt kven som er mottakar), namn og adresse på den behandlingsansvarlige, samt kva rett ein har til innsyn og retting (jmf. Lov om behandling av personopplysningar, §19). Nettstaden bør og ha ei meir generell personvernerklæring som omhandlar annan behandling av personopplysningar (til dømes e-post eller sosiale media). Se til dømes Datatilsynet sin personvernpolicy.

All informasjon skal vere lett synleg og tilgjengeleg utan innlogging.

Testmetode:

Testmetode del 1, relevans

Avgjer om nettstaden vil ha behov for innloggingsbasert sjølvbetening, basert på kva type verksemd det er. Nettstader som ikkje er relevante skal ha alternativet «ikkje relevant» og avgjersla skal grunngjevast. Nettstader som er relevante blir vurderte etter testmetode 2.

Testmetode del 2, informasjon

Visuell sjekk. Kontroller om nettstaden tilbyr innloggingsbasert sjølvbetening og kva som finst av informasjon om denne. Løysinga skal ha informasjon om kva tenester som finst i sjølvbeteningsløysinga og ei personvernerklæring som er tilgjengeleg før innlogging. Sistnemnde skal innehalde informasjon om kva opplysningane organisasjonen hentar inn blir nytta til (formål), om det er frivillig å gje frå seg opplysningane, om opplysningane vil bli utlevert (og eventuelt kven som er mottakar), namn og adresse på den behandlingsansvarlige, samt kva rett ein har til innsyn og retting (jmf. Lov om behandling av personopplysningar, §19).
All informasjon skal vere lett synleg og tilgjengeleg utan innlogging.

Bruk alternativet «nei» viss nettstaden manglar sjølvbetening med autentisering eller ikkje
oppfyller nokon av krava til informasjon om sjølvbeteningsløysinga.

Døme

I kommunesektoren er Asker kommune eit døme som tilfredsstiller krava til innloggingsbasert sjølvbetening.